Love Songs av Elton John

Love Songs
Samlealbum av Elton John
Språk engelsk
Utgjeve 6. november 1995
Innspelt 1970-1996
Sjanger Rock, pop
Lengd 70:50
Selskap Rocket
Produsent Gus Dudgeon, Chris Thomas
Kritikk
Elton John-kronologi 
Made in England
(1995)
Love Songs The Big Picture
(1997)


Love Songs er eit samlealbum av den britiske musikaren Elton John. Albumet kom ut i november 1995 på Rocket Records og Mercury Records. Albumet vart gjeven ut i Nord-Amerika av MCA Records nesten eitt år etter det kom ut i Europa, i september 1996. Det selde til gullplate i USA i desember same året og hadde i august 2000 seld til trippel platinaplate.

Albumet vart ein stor suksess då det kom ut og toppa albumlistene i tre land, selde til platinaplater i 10 land og multi-platina i seks.

Plata kom òg i lag med ei musikkvideosamling, som opphavleg vart gjeven ut på laserdisc, VHS og VCD.

  1. http://www.allmusic.com/album/r240983

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy